page view image

BAJAZZ: TIL VERDA

Gratis inngang!

Informasjon
event image

GRATIS INNGANG! Hent ut gratisbilletter her. 

Dette er ein konsert med tekstar henta frå barnediktboka "Eg er eg er eg er" av Ruth Lillegraven frå Granvin, boka vart nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen då ho kom i 2016. Musikken er det multiinstrumentalisten og folkemusikar Annlaug Børsheim frå Ulvik som har laga. 

Dikta skildrar korleis det er å vere ung og levande, korleis kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter. Publikum får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung både gjennom musikk og ord. Musikken er nyskriven, men inspirert av norsk folkemusikk i møte med andre tradisjonar og sjangrar. Det blir både dansbare hallingar, kraftfull rock og sarte viser. Annlaug har bakgrunn frå norsk folkemusikk, men opererer innanfor eit vidt spekter av sjangrar og sceniske uttrykk. Musikken ho lagar er inspirert av dette og ho vil både synge, spele hardingfele og gitar på konserten. 

Med seg på scena har ho i tillegg Kåre Opheim frå Voss på trommer og perkusjon og Anders Bitustøyl på bass. Dei er erfarne og allsidige musikarar med god kjennskap til folkemusikk og spelar i ulike band og prosjekt som Real Ones, Sigrid Moldestad Band og Karl Seglem trio. "Til Verda" har dei siste åra turnert i fleire fylker og kommunar med Den Kulturelle Skulesekken, og spelt familiekonsertar på ulike festivalar og scener. Og no er det endeleg klart for besøk på Bajazz!


Foto: Elisabeth Emmerhoff

Bajazz er Bergen Jazzforum sin konsertserie myntet på barn og barnefamilier.

Målgruppen er fra spedbarn til 10 år, og har som intensjon å tilby opplevelser noe utenom den masseeksponerte barneunderholdningen og fremme tidlig rekruttering til musikkfeltet. Musikerne er profesjonelle og vektlegger en åpen og musikalsk kommunikasjon med barnet, Bajazz er en idealistisk ikke-kommersiell virksomhet drevet av Bergen Jazzforum. 

Vi har et begrenset antall billetter for innehavere av Aktivitetskortet
Send mail til aktivitetskort@bergenjazzforum.no for mer info

verftet bajazz usf jazzforum jazz bergen bergenjazzforum tilverda

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke.